Samnanger Frivilligsentral

Samnanger Frivilligsentral er ein levande møtestad, bygd på frivillig innsats — ein stad der innbyggjarar, lag og organisasjonar finn kvarandre, og der ingen treng ein grunn for å stikke innom.

Her arbeider me tett saman med Frisklivssentralen, så tett at mange rett og slett kallar oss Samnanger frisklivs- og frivilligsentral. Med eit felles engasjement for livskvalitet og trivsel, er målet vårt å skape eit heilskapleg og trygt tilbod for deg — eit tilbod i stadig utvikling. 

Uansett kven du er, kor gamal du er, eller kva du brenn for, skal du finne ein plass hjå oss.
Og manglar akkurat det rommet du treng, inviterer me deg til å vere med og skape det.

Aktivitetskalenderen vår på Friskus gjev deg oversikta over alt som skjer hjå oss, både i Frivilligsentralen og Frisklivssentralen.

Samnanger sin aktivitetskalender på Friskus

Her finn du Samnanger sin aktivitetskalender på Friskus. 

Aktivitetar

Kvardagane våre er fulle av liv. Frå stille handarbeidsstunder til sveitte i parken, frå digital meistring til energien i ungdomsklubben — me vil skape treffpunkt som gjev fellesskapet meining.

Nokre av aktivitetane er i regi av Frivilligsentralen, andre av Frisklivssentralen. Poenget er at dette er faste, gratis treff, veke etter veke — uansett kven som står bak dei.

Eit varmt møtepunkt for kvinner i alle livsfasar som vil dele tid, tankar og latter over ein kopp kaffi.

Les mer

Slit du med Vipps, BankID, ID-porten eller eit skjema som ikkje vil samarbeide?

Les mer

Er du mann med litt tid til overs og ser etter eit engasjerande fellesskap?

Les mer

Ønsker du eit varmt og støttande miljø for deg og dine små?

Les mer

Handarbeid, latter og gode samtalar i lag.

Les mer

Ope tilbod der ungdom kan henge, skape og vere seg sjølve.

Les mer

Gratis utlån av sport og fritidsutstyr for alle.

Les mer

Utstyrsbanken

Visste du at du kan låne sport- og fritidsutstyr heilt gratis? Utstyrsbanken vår gjer det enkelt for alle å prøve nye aktivitetar — utan at lommeboka set grenser. Tilbodet gjeld privatpersonar, skular, barnehagar, lag og organisasjonar.

Kvar og når? Utstyrsbanken held til i Samnanger folkebibliotek, like ved kontoret vårt. Me er tilgjengelege i bibliotekets opningstider:Tysdag: kl. 12.00–19.00, Onsdag og torsdag: kl. 10.00–16.00.
Tips: Planlegg gjerne i god tid dersom du vil låne utstyr til helga — banken er berre bemanna i desse tidene.

Sjå alt me har i Katalog Utstyrsbank.

Slik låner du: Send kva du vil låne (storleik/mengd) og tid for henting/retur (maks 1 veke) til frivilligsentral@samnanger.kommune.no. Me svarar når me er på kontoret. Førstegongslånarar signerer avtale på biblioteket.
Ved retur Lever utstyret reint og i god stand, og hugs å returnere det før biblioteket stenger.

Bli med

I Samnanger er vegen frå ein laus tanke til noko som faktisk skjer, kortare enn mange trur.
Saknar du noko i kvardagen? Rop gjerne ut, men endå betre: Ta turen innom og sjå om du vil starte det sjølv. Det er slik det meste her har vorte til, gjennom eit enkelt møte mellom eit menneske og ei interesse dei brann for.
Sit du med eit handverk, litt kunnskap, eller berre ein ledig time i veka? Samnanger Frivilligsentral er ikkje større enn folkane som gjer ein innsats. Det er alltid plass til éin til.

Ta kontakt

Telefon: 56 58 74 57
E-post: frivilligsentral@samnanger.kommune.no 
Besøk oss: Kontoret vårt ligg bakarst i biblioteket på Bjørkheim.
Døra er open — kom innom.

2026 © Samnanger Frivilligsentral