-
Damelag
Eit varmt møtepunkt for kvinner i alle livsfasar som vil dele tid, tankar og latter over ein kopp kaffi.
Utstyrsbanken
Gratis utlån av sport og fritidsutstyr for alle.Aldersgruppe: For alle
Visste du at du kan låne sport- og fritidsutstyr heilt gratis? Utstyrsbanken vår gjer det enkelt for alle å prøve nye aktivitetar — utan at lommeboka set grenser.
Tilbodet gjeld privatpersonar, skular, barnehagar, lag og organisasjonar.
Kvar og når?
Utstyrsbanken held til i Samnanger folkebibliotek, like ved kontoret vårt. Me er tilgjengelege i bibliotekets opningstider:
- Tysdag: kl. 12.00–19.00
- Onsdag og torsdag: kl. 10.00–16.00
Tips: Planlegg gjerne i god tid dersom du vil låne utstyr til helga — banken er berre bemanna i desse tidene.
Slik låner du
- Send e-post til frivilligsentral@samnanger.kommune.no med kva du ønskjer å låne, og når du vil hente og levere tilbake. Standard lånetid er éi veke.
- Me svarar så snart me er tilbake på kontoret.
- Første gong? Då signerer du ein enkel låneavtale på biblioteket.
Sjå alt me har i Katalog Utstyrsbank. Me arbeider med ei live-oversikt, slik at du snart kan sjå kva som er tilgjengeleg til ei kvar tid.
Ved retur
Lever utstyret reint og i god stand, og hugs å returnere det før biblioteket stenger.
Utstyrsbanken vart oppretta i 2019 av Samnanger Frivilligsentral, med sjenerøs støtte frå BKK, Sparebanken Vest og Gjensidigestiftelsen.
Del på:
-
Digihjelpa
Slit du med Vipps, BankID, ID-porten eller eit skjema som ikkje vil samarbeide?
-
Karalag
Er du mann med litt tid til overs og ser etter eit engasjerande fellesskap?
-
Småbornstreff
Ønsker du eit varmt og støttande miljø for deg og dine små?
-
Sy, strikk og skravl
Handarbeid, latter og gode samtalar i lag.