Frivillige eldsjeler i Samnanger: Svanhild

Denne gongen har me prata med Svanhild Eikedal Lauvås - ei driftig dame med eit stort hjarte!

Den største gleda du kan ha, er å gjera andre glad!

Frivilligsentralen i Samnanger er stadig i kontakt med mange fantastiske frivillige som jobbar på utan så mykje merksemd, og Svanhild Eikedal Lauvås på 74 år er ein av dei. Svanhild er blant anna leiar for Røde Kors besøksteneste i Samnanger, dei organiserer besøk til menneske som treng støtte og oppmuntring i kvardagen. Røde Kors besøksteneste arbeider både som assistentar på Samnangerheimen og besøksvenn til enkeltpersonar. Svanhild var først litt skeptisk til å bli eksponert på nettsida, men heldigvis let ho seg overtala til ein hyggeleg prat på biblioteket der ho delte noko av sine gode tankar og erfaringar rundt frivillig arbeid:

Me opnar med å spørja Svanhild om ho hugsar korleis og kvifor ho først starta med frivillig arbeid, då ler ho litt og svarar at det nok er noko ho har drive med heile livet. 

-Eg har alltid vore veldig oppteken av samfunn og utvikling og hatt eit sterkt ønske om å kunne gjere ein forskjell for andre menneske, særleg ungar. Tanken vart truleg sådd i heimen eg vaks opp i, viktigheita av å gjera noko for andre er i alle fall ein verdi som eg fekk med meg derifrå. Eg ser også for meg barndommens minnebøker med rimet “ Den største gleda du kan ha, er å gjera andre glad”, det er jo sjølvsagt ei forenkling, men for meg så gjev desse orda meining, seier den aktive pensjonisten.

Svanhild har arbeida med menneske gjennom heile yrkeslivet sitt, både som hjelpepleiar og etter kvart som lærar og sensor innan helsefag. -Som ung arbeida eg i helsesektoren, eg var ferdig utdanna hjelpepleiar i 1969. I perioden frå 1976-1990 arbeida eg i heimesjukepleien i Samnanger, då var det heilt andre tider, me var tre personar i deltidstillingar. Deretter budde og arbeida eg mange år i Lindås, før me flytta tilbake til Samnanger for 5 år sidan. No som eg er frivillig på Samnangerheimen treff eg av og til igjen folk som eg tidlegare møtte gjennom jobben i heimesjukepleien i Samnanger. Eg opplever at det er ein stor fordel å kjenne bygda og familiane, då er det lettare å skapa kontakt og få i gang den gode praten. 

-Med din bakgrunn har du jo også mykje yrkesfagleg kompetanse med deg i bagasjen når du no arbeider som frivillig?

-Ja, det kan vera, eg tenker at ein ikkje er ferdig sjølv om ein blir pensjonist, folk har mykje å bidra med sjølv om dei ikkje lenger er i arbeidslivet. Eg opplever også at eg får mykje igjen for arbeidet, det å vere frivillig gjer livet mitt rikare.

Svanhild har opplevd mykje som frivillig. Ho mimrar tilbake til perioden då det for 4-5 år sidan kom mange flyktningar frå Syria til kommunen. Då var ho aktivt med på språkopplæringa, og synes det var veldig spennande å bli kjent med dei som kom og læra meir om deira kultur, mat og språk. Ho hadde på den tida hatt ein operasjon i munnen som gjorde at ho lespa litt, og dette fekk ein heller artig konsekvens; fleire av hennar nye vennar lespa når dei snakka norsk!

Ein anna episode som har festa seg er då ein syrisk mann gjerne ville skriva dikt på norsk, men sleit med oversetting frå sitt morsmål. Han spurte Svanhild det poetiske og nærast filosofiske spørsmålet: “Går det an å lagre barn?” Svanhild fortel at ho måtte grunna ei god stund på kva det eigentleg var han ville seia. Men ho kom til slutt på at “å lagre” jo også kan bety å “ta vare på”, og då forstod ho plutseleg veldig godt kva mannen meinte. 

Barn har også alltid hatt ein særleg stor plass i hjartet til Svanhild:

- Eg arbeida ein periode mykje med utvekslingsstudentar, og er generelt veldig glad i barn og ungdommar. Eg var fostermor for ein tenåringsgut, så fekk eg etter kvart to eigne barn og drøymde om å adoptere fleire barn fordi eg hadde eit sterkt ønske om å gjere ein forskjell for barn som trengde det. I 1993 vart draumen om adopsjon verkeleg då me adopterte to barn i frå Brasil. Etter dette var eg og familien veldig aktive i adopsjonsforeininga. 

Når me på tampen spør Svanhild om det er nokon utfordringar med å vera frivillig, blir ho litt tankefull. Ho påpeikar at det er mange måtar å vere frivillig på, det å vere ein del av ei gruppe som arbeider med dagsenterpasientar på Samnangerheimen er til dømes ganske ulikt frå å vere besøksven for ein fast person. Det å vere besøksven for enkeltpersonar er veldig kjekt, då ein blir betre kjent, men det kan i nokon tilfelle også vere meir utfordrande, ein er jo avhengig av at personkjemien stemmer og det kan vere sårbart dersom den frivillige i periodar har mindre kapasitet. Då kan ein som frivillig kanskje kjenna på litt dårleg samvit ovanfor den som håpar på besøk eller ein telefon. Svanhild rådar nye frivillige til å tenke seg godt om, og ikkje gå for hardt ut i starten. Med klare avtalar om kor ofte og når ein skal treffast/snakkast kan ein også unngå slike utfordringar, tipsar ho. 

Ofte høyrer ho at folk kvir seg for å vere med på frivillig arbeid fordi dei føler at dei ikkje har nok tid eller krefter. Dette har definitivt ikkje stoppa Svanhild, på trass av tøffe periodar i eige liv har ho alltid funne meining og glede i å engasjert seg i andre. Svanhild ser litt annleis på det, ho tenker at alle alltid har noko å bidra med: 

-Sjølv om du føler du har lite å gje, så betyr ditt bidrag noko. Det som kjennes lite og ubetydeleg for deg kan utgjere ein stor forskjell for nokon andre. Eit ønske frå Svanhild er at fleire, både unge og eldre, skal våga å prøva seg på frivillig arbeid, det er eit stort behov og plass til mange fleire. Ho forklarar med eit smil at “det å vere frivillig er litt som bitcoin; du får igjen mykje meir enn du investerer!” 

Med desse orda rundar me av og seier tusen takk for ein inspirerande frivillig-prat, for no skal Svanhild haste vidare for å rekke middag på Bjørkheim, arrangert av Frivilligsentralen og Samnanger pensjonistlag. 

Lurer du på om du også skal bli frivillig? Ta gjerne kontakt med frivilligsentralen for å få vita meir om ulike mogelegheiter! Eller meld deg som frivillig her: https://samnanger.frivilligsentral.no/dokument?bli-frivillig&Id=75886

Sjekk ut denne sida for å lese meir om korleis du kan bli besøksvenn: https://www.rodekors.no/tilbudene/besoksvenn/

2024 © Samnanger Frivilligsentral