Eit lite julebrev frå frivilligsentralen

Me har eit travelt og spennande år bak oss.
I løpet av året har sentralen vore involvert i mange ulike prosjekt, som blant anna LivOGLyst, meirope bibliotek, sommeraktivitetar for born, matglede for eldre, Grønsdal gamle skulehus, bruktbutikken og planlegging av ny butikk på Tysse. 
Me samarbeider mykje med frivillige og andre i kommunen om å få i gong gode tiltak i bygda, tufta på innbyggjarane sine interesser, og ein del midlar er også blitt innvilga🙏🙏
Karalag, Sy, strikk og skravl og Språktreff er blitt faste tilbod, likeeins med Aktivitetsvenn for personar med demens, og Utstyrsbanken, som tilbyr gratis utlån av fritidsutstyr. Frivillige oppdrag med ein til ein kontakt, og enkeltståande arrangement som bl.a ungdomskveld i forbindelse med LivOGLyst – prosjektet, og trylleshow i parken har det også blitt. 
Pandemiår, eller ei - det har vore nok å gjere i 2021!🤩 
Det som har vore heilt nytt i år, er arbeidet med å etablere frisklivsentral, som har krevd ein del ressursar. No ser me at innsatsen endeleg ber frukter, og i januar er me klare for å tilby ulike frisklivstilbod til samningane. Meir info om dei ulike tilboda kjem snarleg!🤸‍♀️🤸‍♀️🤸‍♀️
Saman med denne oppsummeringa av året, er det på sin plass å takka våre gode frivillige, og samarbeidspartar, for all innsatsen som er blitt lagt ned i dei ulike samanhengane. Utan dykk hadde det ikkje vore så veldig mykje aktivitet og spennande ting som skjedde i frivilligsentralen.💚
Me ser no fram til å ønskja velkommen til Samnanger friskliv – og frivilligsentral på nyåret, og satsar på mange kjekke hendelsar også i 2022. 
Ønskjer alle ei riktig god jul!
Julehelsing frå Karina🌲💚🌲
2024 © Samnanger Frivilligsentral