Aktivitetsvennkurs på nett

Etter strenge smitteverntiltak, er behovet for aktivitetsvenn enno større. Ta kurset på nett, så er du klar når karantenen er over!

Kunne du tenkje deg å vera aktivitetsvenn?

Å vera aktivitetsvenn er enkelt. Du treng berre å gjera noko du likar. Saman med ein som har demens.

For å bli frivillig aktivitetsvenn treng du ingen spesielle kunnskapar eller eigenskapar. Du treng eigentleg berre å vera deg sjølv. Me koplar deg saman med ein som har demens, og som har dei same interessene som deg. Saman kan de til dømes gå ein tur, ta ein kaffi eller gå på kino.

Me gir deg kompetansen du treng for å vera aktivitetsvenn. Du blir tilbode kurs og rettleiing i demens og kommunikasjon, slik at du blir trygg i rolla.
Me har allerede mange gode aktivitetsvenner i Samnanger, men behovet er fortsatt ikkje dekka. Etter vekesvis med strenge smitteverntiltak, vil behovet vere enno større.

Derfor håpar me at du vil ta kurset på nett her, slik at du er klar når smitteverntiltaka er over: http://aktivitetsvenn.helsekompetanse.no/.

"Å gjere noko for andre gjer noko med deg"🌿💚

2024 © Samnanger Frivilligsentral