Bli med Samnanger rundt og vinn fine premiar!

Det er plassert 10 postar rundt om i Samnanger. Postane er plassert slik at alle kjem til dei, uavhengig av funksjonsnivå.

Har du lyst å vere med på konkurransen, finn du postane plassert her:
Post 1: På ein stolpe ved den offentlege stranda i Rolvsvågen
Post 2: Neset på Ådland, i starten av grusvegen på Prestavegen.
Post 3: I vindauget til biblioteket/ frivilligsentralen.
Post 4: Gamlevegen, postkassestativ i Aldal
Post 5: Parkeringsplass Hagabotnane idrettsplass
Post 6: Parkeringsplass i Totræna
Post 7: Sykkelsti/ gangveg ved Hagaåstunnelen
Post 8: Nest øverste parkeringsplass i Holmane (Holmavegen) Vegen er grusbelagt, men det går fint å kjøre opp.
Post 9: Kuvassbrua. Ei bru rett før Fossen Bratte mot Eikedalen. Det er plassert store steinmassar der, men det er plass å parkere. Posten er plassert rett etter avkjørsel mot kjettingen som stenger for bilane. Denne må ein vere obs på om ein ønskjer å gå tur vidare innover med barnevogn/ rullestol, då det muligens kan vere ein utfordring å komme under denne. Forøvrig fint å gå langs elva.
Post 10: Gang/ sykkelsti frå Tysse mot Utskot. Posten heng på ein stolpe på venstre sida rett før ein tar av mot Utskot.

Samme info finn du på facebooksida vår: https://www.facebook.com/samnangerfrivilligsentral  

Send samla alle svara på dei 10 postane til frivilligsentral@samnanger.kommune.no.
Skulle ein av postane mot formodning ikkje vere der lenger, gje ein lyd!

Me trekkjer ein vinnar av alle innleverte svar i både borne - og vaksenklassen.

Konkurransen blir avslutta 18 mai.

For å gjere mest mulig ut av aktiviteten, anbefalast du å ta èin post for dagen, og ta ein tur i området rundt, om du har mogelegheit. Me har mange fine område her i Samnanger. 

Hugs smittevernreglane, hald avstand, unngå å ta på spørsmålsarket og ta vare på kvarandre! 

Ønsker alle ein GOD TUR!

2024 © Samnanger Frivilligsentral