Frivillige eldsjeler i Samnanger: Erling

Med vår nye serie "Frivillige eldsjeler i Samnanger", vil me med jamne mellomrom løfte fram ulike frivillige.

Me byrjar med vår dyktige vaktmester; 
Erling Pettersen, 75 år.
Tilknytta frivilligsentralen, som vaktmester, der han hjelper menneske som har behov for praktisk hjelp i heimen, med enkle vedlikehaldsoppgåver, som t.d skifte av batteri i røykvarslar, skifte lyspærer osv.

Erling har vore vaktmester hos Frivilligsentralen heilt frå oppstarten i 2018. I tillegg er han besøksvenn for 3 eldre karar, som han starta opp med på eige initiativ for eit par år sidan.

Fordeler og utfordringar med det å vere frivillig:
Det beste Erling syns med det å vere frivillig, er å hjelpe folk, og sjå at dei blir glad og fornøyd. Det er hovudmotivasjonen hans for at han gjer dette.
Så lenge han beherska dei oppgåvene han blir spurt om i forbindelse med vaktmesteroppdraget, så går det fint. Og som den altmuligmannen han er, veit me at han kan det meste!
Han er også veldig glad for oppgåver i nærområdet, slik at han kan sykle eller gå. Kvar dag går nemlig Erling tur, minst 1 time i rask gange. Slik heldt han seg i form.

Veka hans som frivillig er avhengig av kor mange som ringer og treng hjelp. Ei veke kan det vere mange lyspæreskift, ei anna veke hengjer han opp gardiner eller tettar kranar. No for tida er det rolig, då han ikkje er i heimane hos folk pga smittefare. Ein av dei han er besøksvenn for, har han truffe ute et par gongar i denne perioden, i god avstand. :)

Erling vil absolutt anbefale andre å vere frivillig!
Han skulle gjerne ønska seg fleire menn i Frivilligsentralen, og er litt forundra over at det ikkje er fleire som melder seg som frivillige. Men han håper dei etterkvart følgjer på!

Tusen takk for praten, Erling, og for den fantastiske innsatsen du gjer! 🌿💚

2024 © Samnanger Frivilligsentral