Frivillige eldsjeler i Samnanger: Solveig

Med vår nye serie "Frivillige eldsjeler i Samnanger", vil me med jamne mellomrom løfte fram ulike frivillige.

Solveig Karin Vassenden 79 år.
Leiar i Samnanger Pensjonistlag, besøksvenn/ familievenn for flyktningar i Røde kors besøksteneste. Sit også i ressursgruppa for frivilligsentralen.
Som om ikkje frivillig arbeid skulle vere nok, så er Solveig også leiar i Eldrerådet og kommunestyrerepresentant i Samnanger kommune.
Kven skulle tru ho var pensjonist? 😉

Solveig har vore aktiv som frivillig sidan 70-talet. Då ho budde på Voss og hadde full jobb, var ho frivillig på dei fleste store arrangement der, som t.d World Cup i slalom, Landsskytterstevne og Landskappleikane med Noregs Ungdomslag. Då hadde ho ofte ansvar for innkvarteringa.

Her i Samnanger er Solveig ein god representant for dei eldre, som leiar i både Pensjonistlaget og Eldrerådet. Solveig er ei klok og ressursterk dame, og mange set nok si lit til ho når det gjeld å tale dei eldre sine saker.

Ho skulle gjerne ønska seg litt fleire med i Pensjonistlaget, og trur at mange tenkjer at «dette er eg for ung til å vera med på». Men no er det fleire som gjerne går av med pensjon når dei er litt over 60, så mange fleire kunne klart vore med. Det er heller ingen nedre grense for å vere med i Pensjonistlaget. Her er alle velkomne sjølv om ein ikkje er blitt pensjonist enno, og me tar gjerne i mot innspel på både arrangement og underhaldning, seier Solveig.
Dei har medlemsmøte ein gong i månaden, og her har dei alltid underhaldning, som t.d foredrag og musikkinnslag. I tillegg har dei vandreturar i nærområdet, fast ein gong i veka. I løpet av sommarmånadene pleier det bli omtrent 20 turar. Her er alle velkomne til å bli med. Dei møtast kvar onsdag kl 11 i Nesodden, så det er berre til å stille opp om du vil vera med!
Pensjonistlaget arrangerar to årlege dagsturar som alle kan vere med på uavhengig av medlemskap. Prisen ligg på ca 6-700 kr pr tur, og dei reiser til nye stader kvar gong. Både kjekt og sosialt!

Solveig er også besøksvenn/ familievenn til ein flyktningefamilie via Røde Kors besøkstjeneste. Ho er blitt som ei reservebestemor for familien, og dette gjev glede begge vegar.
Totalt har Solveig vore besøksvenn i nærmare 40 år.

Å vere frivillig betyr mykje for Solveig. Ho har det «under huda» og har alltid likt å vore frivillig, og å bidra til å gjere noko for andre. Det grunnleggjande i godt frivillig arbeid, meiner Solveig, er kombinasjonen av holdningar, verdiar og eigenskap. Det å møte andre menneske, gjer at ein får eit sosialt samhald og nettverk. Gjennom arbeidet sitt kjem ho i kontakt med mange flotte menneske rundt om i bygda. Solveig meiner me skal vere stolt av kommunen vår, for at me har ein så flott kommune å bu i.

Då ho kom tilbake til Samnanger for 14 år sidan, var det utenkjeleg for Solveig å ikkje vera frivillig.
Så flaks for oss - som skal vere SÅ takknemlege for den uvurderlege innsatsen ho gjer!💚🍃

2024 © Samnanger Frivilligsentral